Hallingskarvet Nasjonalpark

Hallingskarvet nasjonalpark

Hallingskarvet nasjonalpark og Finse biotopvernområde er oppretta av Kongen i statsråd 22.06.2006. Nasjonalparken er på omlag 450 kvadratkilometer, der 49 prosent er statsgrunn. Også biotopvernområdet på omlag 6,7 kvadratkilometer er statsgrunn. Vernet skal sikre landskapet og plante- og dyrearter i Hallingskarvet.

Hallingskarvet er eit stort, særmerkt fjellområde med få tekniske inngrep. Her finst viktige verdiar knytt til geologi og landskapsform. Ein kan lese den geologiske historia i området tydeleg i landskapet. Vernemotivet er også å sikre verdifulle vassdrag, mellom anna fleire som allereie er verna mot kraftutbygging, og å ta vare på kulturminne.

Nasjonalparken omfattar sjølve Hallingskarvplatået og høgfjellsområda vestover til austre Låghellerhøgdene nordvest for Finse. Det er registrert fleire spesielle arter i området, mellom anna truga plantearter som tinderublom og handmarinøkkel. Området er mykje nytta til friluftslivsaktivitetar. Det finst eit omfattande nett av stigar og skiløyper her.

Nasjonalparken ligg i Hol kommune i Buskerud, i Ulvik herad i Hordaland og i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Biotopvernområdet ligg i Ulvik herad. Formålet med biotopvernområdet er å sikre eit viktig trekkområde for villrein og binde saman leveområde for villreinen på Hardangervidda og i Nordfjella.

Vernevedtaket er ei oppfølging av St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområder i Norge.

www.regjeringen.no/nb/dep/md

 

Hallingskarvet

Hallingskarvet sett frå Strandavatnet ( Fotograf Kjell Haugo )

 

Hallingskarvet

Hallingskarvet sett frå Strandavatnet ( Fotograf Kjell Haugo )

Hallingskarvet

Hallingskarvet sett frå Havsdalshovda ( Fotograf Kjell Haugo )